Gå til innhaldet
Book ei økt

Spørsmål

Er ved inkludert i prisen?
Ja. Veden ligg i kistebenkane i forrommet.
Kor lenge varer ei økt?
2 timar, og oppfyringa er rekna med. Økta kl. 06 varer i 3.
Er saunaen varm når eg kjem?
Nei. Saunaen er sjølvbetent, og det er du som varmar han opp. Det held prisen nede.
Kan me booka heile saunaen?
Ja. Book alle 12 plassane på éi økt. Med eit 12-klipp kostar det 1 290 kr, mot 2 280 kr for kvar plass for seg.
Korleis verkar låsen?
Etter bookinga får du ein kode som opnar den digitale hengelåsen på døra. La hengelåsen henge open til du går.
Må eg vaska etter meg?
Ja. Lat saunaen vera slik du fann han: svabra vatnet på golvet ut hovuddøra og vask over benkane. Grønsåpe og nal står klar.
Kva er aldersgrensa?
Frå 18 år kan du bruka saunaen åleine. Er du under 18, må du vera saman med ein vaksen.
Er det dusj?
Nei. Det er eit omkledningsrom, og reint, friskt sjøvatn rett utanfor.
Kva er rolla til Austevoll IK?
Austevoll IK er ein ideell organisasjon og eig og driv Storebø Sauna. Overskotet går til idrett og fritid i Storebø.
Eg fekk ikkje koden. Kva gjer eg?
Sjå i søppelpostmappa først. Finn du han ikkje der, spør klubben, så sender me ein ny.
Korleis bookar eg?
Vel ei tid under «Ledige tider» og trykk «Book». Du fyller ut namnet ditt og betaler, og så får du koden.
Kvar parkerer eg?
Ein kan ikkje køyra fram til saunaen. Parker ved enden av Prestaneset og gå langs sjøkanten bort til kaien.

Fann du ikkje svaret?

Bruksreglar

Me på Storebø Sauna set fellesskap og omsynsfull bruk i fokus. Det er avgjerande at alle som nyttar våre fasilitetar, respekterer desse reglane:

Ignorering av desse reglane kan føra til avslutning av avtale, samt mogelege juridiske tiltak, inkludert utestenging og erstatningskrav.

Me set pris på ditt bidrag til å skapa ein hyggeleg og inkluderande atmosfære i Storebø Sauna.

 

Book

Spør klubben

Austevoll IK svarar.

Dette er ei forhåndsvising. Ingenting du skriv her, blir sendt.